Universitetet i Bergen
1 Stelle · nach Relevanz
Universitetslektor i undersøkande journalistikk
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video:
- Rettleie og undervise journalistar i deira arbeid med å tilarbeide tal, til dømes ved å drive opplæring i Excel
- Innhente, analysere og tilarbeide kvantitative data frå ulike datakjelder og leggja til rette desse for journalistisk behandling.
Stillinga sitt innhald kan verte endra som følgje av eininga sitt behov og kontinuerlege utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- God kjennskap til norsk mediebransje
- Ha pedagogisk basisutdanning. Den som blir tilsett vil få tilbod om opplæring dersom kravet ikkje er oppfylt før tilsetjing.
Personlege eigenskapar naudsynte for stillinga vil bli særskild vektlagt.
- Godt fagleg og sosialt miljø med høg kvalitet på forsking og utdanning
- Årsløn som universitetslektor, kode 1009, mellom kr. 670 000 – 720 000. For spesielt godt kvalifiserte søkjarar kan høgare løn vurderast.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.